Her er sommerprogrammet til Oseana

Eirik Søfteland og John Olav Nilsen kjem til Oseana.

Eirik Søfteland, John Olav Nilsen, Datarock og quiz med Mr. Pauly.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Oseana inviterer til sommarstemning ved fjorden, og har igjen laga eit sommarprogram der fleire arrangement blir holdt i vakre Griegsamlingen eller i restauranten.

– Vi fekk svært gode tilbakemeldingar då vi gjorde dette i fjor. Det er tydeleg at å nyta ei god kulturoppleving med utsikt mot fjord og fjell, er noko folk vil ha, seier leiar for marknad og kommunikasjon, Veronica S. Halhjem. Difor har vi sett opp morgonyoga på terrassen med frukost, fleire konsertar i Griegsamlingen, samt Quiz i restauranten, mellom anna. Her skal vere noko for einkvar smak.

Årets sommarprogram er variert, og startar allereie denne veka med både DATAROCK og Real Ones som skal stå kvar sin kveld på scenen i Oseanasalen. Laurdag kan du få med deg sommarens første quizarrangement, som blir holdt i restaurantområdet.

– Nytt i år er Quiz med Mr. Pauly – den erfarne quizmater Paul Holden. Dei som plar reise på quizkveldar i «bydn», kjenner han gjerne frå Finnegans. Her er det berre å melde på laget sitt, om det er bedriftslag, nabolag eller venelag. Det blir spørsmål frå det meste, og sjølvsagt premiar, smilar Veronica.

Dei som hadde gleda seg til konserten med John Olav Nilsen & Nordsjøen, som opprinneleg skulle vore 1. mai, kan no sjå fram til at denne er sett opp igjen 19. juni – no med fleire billettar.

– Denne konserten var først utseld, men grunna lettelsane frå regjeringa kunne vi no legga ut 100 ekstra billettar!

I tillegg til namn frå dei store plakatane, er det også kjende og kjære lokale artistar med på årets sommarprogram. Danseframsyning frå kulturskulen, konsert med Os musikkforening, gladkveld med Steppin´ Out og ikkje minst konsert med Eirik Søfteland.

Saman med Tore Christer Storlid debuterte Eirik med konserten «Ei musikalsk reise» under sommarparogrammet i fjor, og dei heldt heile fem konsertar på Oseana. Denne konserten har dei tatt på turné rundt omkring i landet det siste året, og no er dei klare med fleire låtar i ei ny utgåve av konserten, «Ei musikalsk reise: Vol. 2». 

– Formidligsevna til Eirik er heilt spesiell, og samspelet mellom han og Christer får verkeleg tonane og låtane til å framstå både i ny drakt, men også som noko alle kan kjenne igjen. Dette blir steming!, seier Veronica.

Stemning lovast også når Christoffer Schjelderup stiller som konferansier og har med seg både Rune Lothe, Eirik del Barco, Jan Tore Kristofferne og fleire til Sommar Standup i juni. 

Likar du country, blir det i juli countrykonsert med allsang. I juni kjem Sjøforsvaret og lagar festkveld saman med Helene Bøksle, det blir barneframsyning med sang og dans, samt fleire gode kinofilmar. Allereie komande søndag kan du sjå storfilmane Roald Dahls HEKSENE og den Oscarpermierte THE FATHER med Anthony Hopkins i rolla som er omtala som hans beste prestasjon nokonsinne, og som ga han Oscar for beste mannlege skodespelar. I juni kan du sjå siste filmen om Tom & Jerry, eller den norske filmen Bortebane – ein feelgood-film om venskap fotball og Norway Cup.

I Griegsamlingen og Hvelvet opnar årets sommarutstilling 5. juni, med verk av Bjarne Svanøe og Geir Hjetland. Det vil også bli vist utdrag frå sjølve Griegsamlingen. Sommarutstillinga står ut første veka i august. Denne veka markerer også det siste på sommaprogrammet, som blir avslutta med konsert med Edvard Grieg Ungdomskor, som då held sin avslutningskonsert etter årets sommarakademi på Oseana.

– Vi vonar mange vil finna turen til Oseana i sommar, som vil ha opent kvar dag i veka frå 15. juni til 22. august. Her er alle velkomne!, avsluttar Veronica.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s