Har fått 400 000 i støtte

Oselvarverkstaden skal få laga ein digital læringsplattform som tar i bruk VR-teknologi for å formidle tradisjonen med bygging av oselvar.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Oselvarverkstaden har fått 400 000,- i støtte frå Kulturrådet for å lage ein digital læringsplattform som tar i bruk VR-teknologi for å formidle tradisjonen med bygging av oselvar.

Prosjektet er utvikla av digitalbyrået Picapoint i samarbeid med Oselvarverkstaden.

– Gjennom video, animasjon og spelbare sekvensar ønskjer vi å bringe den lange historia til oselvarbåten ut til eit større publikum enn det vi klarer ved hjelp av nåverande nettsider og open verkstad. Den digitale forteljinga av Oselvarens historie skal kunne opplevast i eit VR-miljø, men også gjennom nettlesar, slik at den blir tilgjengeleg for eit størst mogleg publikum, melder Oselvarverkstaden i ei pressemelding.

Prosjektet har potensiale til å bli ganske omfattande.

– Det er mykje historie og kulturarv knytta til båtbygginga på Vestlandet, men i første omgang skal vi utvikle to “scenar” – ein i skogen og ein i verkstaden. Dette er dei to viktigaste plassane for læring om båtbyggertradisjon på Vestlandet:

Trebåtbygging starter i skogen, med riktig val av emne og tømmer.

– Tilgangen på god skog langs kysten av Vestlandet har vore viktig for utviklinga av handverkstradisjonar og busetting i landsdelen, og er noko som er viktig for å forankre Oselvaren i vår lokalhistorie.

Verkstaden er plassen kor tømmeret blir til båt.

Gjennom meir enn tusen år har teknikkane for å bygge trebåtar utvikla seg i naust og verkstadar langs kysten. Å gje interesserte ein enkel og desentralisert måte å sjå utvikling i reiskapar, verktøy, teknikkar og byggeskikk gjennom eit millennium blir hovudmålet for prosjektet. 

Etter planen skal ein ferdig ålattform lanserast i august 2022.

Prosjektet har eit totalbudsjett på 950 000,-