Rekordmange vaksiner neste veke

Dei fyrste i gruppe 8, friske personar over 55 år, får også vaksine til uka.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Veke 22 (31. mai-6. juni) får Bjørnafjorden kommune heile 1531 vaksinedosar.

Om lag 800 av desse vil bli brukte som dose 2 for risikogrupper og helsepersonell. I tillegg vil 730 personar i prioriteringsgruppe 7 og 8 få tilbod om første vaksinedose. 

– Dette betyr at vi kan vaksinere resten av prioriteringsgruppe 7 den veka, og samstundes starte med gruppe 8: friske personar over 55 år, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Tilbod om vaksine blir sendt ut på SMS fortløpande og fram til rett før vaksinasjonsstart den 2. juni. Ver vennleg å ikkje ringe vaksinetelefonen før du har fått SMS. Vi har ikkje gløymt deg – du vil få tilbod når det er din tur.

Sjå FHI si oversikt over prioriteringsrekkefølgje for koronavaksine.