Over tusen vaksinedoser neste veke

Dei aller fleste av desse vil bli brukte som dose 2 for risikogrupper og helsepersone

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

– Neste veke får vi 1036 vaksinedosar. Dei aller fleste av desse vil bli brukte som dose 2 for risikogrupper og helsepersonell. I tillegg vil 173 personar i prioriteringsgruppe 7 få tilbod om første vaksinedose, melder Bjørnafjorden kommune. 

Tilbod om vaksine blir sendt ut på SMS fortløpande og fram til rett før vaksinasjonsstart den 26. mai.

– Ver vennleg å ikkje ringe vaksinetelefonen før du har fått SMS. Vi har ikkje gløymt deg – du vil få tilbod når det er din tur, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Sjå FHI si oversikt over prioriteringsrekkefølgje for koronavaksine.

Kven er i prioriteringsgruppe 7?

Prioriteringsgruppe 7 er personar mellom 18 og 44 år som har følgande tilstandar eller sjukdom som gir moderat risiko for alvorleg forløp av covid-19:

  • Kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsett leverfunksjon  
  • Immundempande behandling som ved autoimmun sjukdom  
  • Diabetes  
  • Kronisk lungesjukdom, inkludert alvorleg astma som har medført bruk av høgdose-inhalasjonssteroider eller steroidtablettar siste året  
  • Fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller meir
  • Demens  
  • Kroniske hjarte- og karsjukdommar (med unntak av høgt blodtrykk)  
  • Hjerneslag 
  • Annan svært alvorleg sjukdom kan også gi auka risiko for alvorleg forløp av covid-19. Vaksinasjon i slike tilfelle blir vurdert individuelt av lege. 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s