Kommunen skal arrangere sommarskule

Sommarskulen er eit gratis tilbod til barn og unge i Bjørnafjorden kommune, 5.-10. trinn.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Mange elevar har mista mykje tid på skulen dette skuleåret. Derfor har regjeringa bevilga 500 millionar kroner til ulike sommertilbod for elevar i grunnskulen. 228 kommunar får tilskot til å laga nye eller utvida eksisterande sommerskuletilbod.

–Sommerskole er nok ekstra viktig i år. Nå får tusenvis av barn mulighet til å væra sosiale og ha det morosamt, samtidig som dei lerar nye ting, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

3,2 millionar til Bjørnafjorden kommune
Av dei 500 millionane, får Bjørnafjorden kommune 3 246 500 kroner til sommerskule.

Sommarskulen er eit gratis tilbod til barn og unge i Bjørnafjorden kommune, 5.-10. trinn. Kommunen arrangerer sommarskulen i samarbeid med lag, organisasjonar, bedrifter og privatpersonar. 

– Vi er stolte over å kunne tilby eit så stort, variert og spennande tilbod til barn og unge frå 5.-10. trinn, og er mektig imponerte over initiativet og kreativiteten hos lokale organisasjonar, bedrifter og enkeltpersonar, seier ordførar i Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg.

Kva er målet for sommarskulen?
Eit sentralt mål for sommarskulen er at barn og unge skal oppleve meistring gjennom kurs med god fagleg kvalitet, samtidig som dei får moglegheit til å ha det gøy og få nye venner. Vi ønskjer å gi fleire unge ein arena der dei kan delta i faglege, sosiale og kulturelle aktivitetar i sommarferien 2021.

Kommunen har nokre kurs i eigen regi, men dei fleste tilboda kjem frå lag, organisasjonar, bedrifter og privatpersonar i lokalmiljøet. Kursa blir fullfinansiert av Bjørnafjorden kommune med midlane frå Utdanningsdirektoratet.

Sommarskulen går i veke 25 og 26 (21.-25. juni og 28. juni-2. juli)

Media, fly, musikal, idrett, skating, eventyrsommar (leir) og tegning er blant temaene ungdommane kan søka på.

Sjå alle tiboda og søk om plass i sommarskulen

Søknadsfrist: 26. mai 2021