Elev på 8. trinn testa positivt på covid-19

Enkeltelevar ved fleire skular må gå i karantene.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

I dag gjekk dei fleste elevane på Os ungdomsksule tilbake på skulen for første gon etter det store smitteutbrotet.

I formiddag kjem det fra at ein av elevane ved Os ungdomsskule har etsta positivt på cocid-19, men vedkommande har ikkje vore på skulen.

«Ein elev på 8. trinn har testa positivt for covid-19 etter fullført karantene. Eleven har ikkje vore på skulen, men har hatt nærkontakt på fritida med enkeltelevar frå vår og andre skular i kommunen. Dette betyr at enkeltelevar ved fleire skular må gå i karantene, men ikkje heile klassar. Dei elevane som er rekna som nærkontaktar, har fått beskjed og er i karantene. Alle vi andre skal vere på skulen som vanleg, melder rektor ved Os ungdomsskule, Kjersti Elde Wolden i ein melding til foreldre og foresatte.

– Svært sjeldan
– Den smitta 8.-klassingen testa negativt tre gonger, seinast på dag 7 av karantenen. Eleven har altså fullført karantenen i samsvar med Folkehelseinstituttet sine føringar om at negativ test på dag 7 gjer at ein kan avslutte karantenen, og naturleg nok trudd at alt var i orden. Det er svært sjeldan at nokon plutseleg testar positivt etter så mange negative testar over lengre tid, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Ver obs på symptom
– Dette er ei tydeleg påminning om at ein skal vere svært observant på eventuelle symptom, sjølv om karantenetida er over, seier kommuneoverlegen.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s