120 Elevar i karantene

Smitteutbrot ved Kongshaug musikkgymnas.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Fire elevar ved Kongshaug Musikkgymnas har testa positivt for covid-19.

-Smitten blei oppdaga ved rutinemessig testing av elevar som har vore borte frå internatskulen i langhelga, melder Bjørnafjorden kommune.

Alle dei vel 120 elevane ved internatskulen er rekna som éin kohort og difor som nærkontaktar til dei smitta.

– Som følgje av dette, må alle elevane i karantene på skulen i 10 dagar. Dei vil bli testa i morgon, 19. mai. Det same gjeld tilsette ved skulen som er nærkontaktar til dei smitta elevane.

Nokre familiar i ventekarantene

Husstandsmedlemmer til elevar som har vore heime i helga og husstandsmedlemmer til tilsette som er nærkontaktar til smitta elevar har fått beskjed om å gå i ventekarantene fram til elevane og tilsette nærkontaktar har testa negativt. L

Bjørnafjorden kommune bistår skulen

Kongshaug Musikkgymnas er ein privateigd skule. Bjørnafjorden kommune er ikkje involvert i drifta, men har ansvar for smittevern og smittesporing i kommunen.

Tysdag kveld heldt skulen eit informasjonsmøte for elevane, saman med assisterande kommuneoverlege i Bjørnafjorden kommune, Jonas Nordvik Dale.