Ein halv million til lags- og organisasjonslivet som har lokaler dei leiger ut

Men også verksemder innan servering, reiseliv og overnatting, som ikkje fekk med seg den første søknadsrunden få moglegheiten til å søka.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Staten overførte tidlegare i år først 6 millonar og så 2,8 millionar kroner til Bjørnafjorden kommune som ei kommunal kompensasjonsording til lokale verksemder som har blitt særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

Dei første 6 millionane blei fordelt etter ein trappesatsmodell basert på omsetning i verksemdene. Denne modellen har gjort at kommunen sit att med om lag 500.000 kroner som ikkje har blitt fordelt.

Går til verksemder som leiger ut lokale
Dei resterande 500.000 blir no lyst ut på nytt. Midlane er særleg retta mot lags- og organisasjonslivet som har lokaler dei leiger ut til bryllaup, dåp, konfirmasjon og andre arrangement.

– Det frivillige lagslivet har, som dei profesjonelle aktørane slitt under pandemien. Difor meiner vi at det er rett at også dei skal kunne søke på desse midlane, sjølv om det finst andre kompensasjonsordningar frå staten som til ein viss grad hjelper dei, seier ordførar Trine Lindborg.

I tillegg kan verksemder innan servering, reiseliv og overnatting, som ikkje fekk med seg den første søknadsrunden få moglegheiten til å søka.

Lag og organisasjonar som driv lags- og grendahus kan søke om å få innvilga inntil 15.000 kroner i støtte basert på dokumentert omsetningsnedgang for utleige frå 2019 samanlikna med 2020.

Gå til søknadsskjema Søknad må vere sendt innan 26.05.2021.