Fem nye smittetilfelle

Alle har samband med utbrotet på 8. trinn ved Os ungdomsskule.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

– Fem personar i Bjørnafjorden kommune fekk påvist covid-19 i går, måndag. Alle har samband med utbrotet på 8. trinn ved Os ungdomsskule, melder Bjørnafjorden kommune.

  • Tre elevar på 8. trinn ved Os ungdomsskule. 
  • Ein føresett til smitta elev.
  • Eit søsken til smitta elev.

Så langt er totalt 29 smittetilfelle knytte til utbrotet på 8. trinn ved Os ungdomsskule: 23 elevar, fem husstandsmedlemmer og ein lærar.

8. trinn ved Os ungdomsskule er delt i fem parallelle klassar. Alle dei smitta elevane går i to av desse klassane.