Ni nye smittetilfelle

Stort trykk på teststasjonen i Kolskogen i helgen. Foto Jan Petter Svendal

Seks av dei er knytta til Os ungdomsskule.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Ni personar i Bjørnafjorden kommune fekk påvist covid-19 i går, søndag. Seks av desse er knytte til 8. trinn ved Os ungdomsskule.

  • Fire elevar på 8. trinn ved Os ungdomsskule. 
  • To føresette til elevar på 8. trinn.
  • Kvinne i slutten av tenåra. Kjend smitteveg frå ein annan kommune. Nærkontaktar varsla.
  • Kvinne i 50-åra. Kjend smitteveg. Nærkontaktar varsla.
  • Mann i 50-åra. Kjend smitteveg. Nærkontaktar sett i karantene.

Ny test for nokre elevar

Så langt er totalt 24 smittetilfelle knytte til utbrotet på 8. trinn ved Os ungdomsskule: 20 elevar, tre føresette og ein lærar.

Det er fem klassar på trinnet: A-E. Kommuneoverlegen har bedt elevane i to av desse klassane som fekk negativt svar på den første testen, om å teste seg på nytt i dag. Dette betyr òg at husstandsmedlemmene til elevane i desse to klassane blir bedne om å gå tilbake i ventekarantene. 

Alle som blir bedne om å ta ny test, fekk melding om dette frå kommuneoverlegen søndag kveld.

– Ettersom så mange elevar og føresette frå 8. trinn har fått påvist covid-19, er det svært sannsynleg at endå fleire i to av klassane er smitta. Det er mogleg at den første testen blei tatt for tidleg i forløpet for nokre. Vi ønskjer derfor at alle elevane i desse to 8.-klassane tar ein ny test, for å vere sikre på at ingen går rundt med skjult smitte, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

– Eg har full forståing for at dette kan vere både tungvint og irriterande, men det er dessverre nødvendig for å hindre eit endå større utbrot, seier Melf.

Kvifor oppdaterer ikkje Bjørnafjorden smittetal fortløpande?

Kommuneoverlegen mottar prøvesvar spreidde utover heile dagen og kvelden.

– Som hovudregel informerer vi derfor om samla smittetal neste dag, for å gjere det så oversiktleg som mogleg. Alle som får påvist smitte og deira nærkontaktar får sjølvsagt beskjed direkte og fortløpande.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s