Karantene for elevar og lærarar i ein andreklasse

Ein elev på 2. trinn ved Kuventræ skule har fått påvist covid-19.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

– 24 elevar og fire tilsette må i karantene i 10 dagar, og teste seg snarast.Husstandsmedlemmer og andre tilsvarande nære må vere i ventekarantene til nærkontaktane har testa negativt, medler Bjørnafjorden kommune.

Smittevegen er kjend, og har samband med utbrotet ved Os ungdomsskule.

Nærkontaktar har fått beskjed

Føresette til elevar som er nærkontaktar til smitta, og som difor må gå i karantene/ventekarantene, har fått melding om å hente barna sine på skulen måndag føremiddag. 

– Helsepersonell frå kommunen vil ta kontakt i løpet av dagen for å gi meir informasjon og rettleiing til nærkontaktane og deira husstandsmedlemmer.

Husstandsmedlemmer må òg i karantene

– Alle som bur saman med nærkontaktane eller andre tilsvarande nære må vere i ventekarantene til nærkontaktane har fått negativt prøvesvar. Dette betyr at foreldre, søsken og andre nære skal reise heim frå jobb, skule og barnehage snarast og halde seg i ventekarantene fram til testresultatet er klart, seier kommuneoverlege Klaus Melf. 

Unntak for vaksinerte

– Unntaket er dersom nærkontakt eller husstandsmedlemmer er fullvaksinerte mot covid-19 eller allereie har gjennomgått covid-19-sjukdom dei siste 6 månadane. Då treng dei ikkje gå i karantene/ventekarantene.

Dersom nærkontakt har fått éin dose med vaksine for minst tre veker sidan, treng dei heller ikkje gå i karantene/ventekarantene, men dei må likevel teste seg mellom dag 3 og 7 i denne perioden, seier Melf.