To nye smittetilfelle

Eit av tilfella var elev på Os ungdomsskule.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

To personar i Bjørnafjorden kommune fekk påvist covid-19 i går, laurdag.

  • Ein elev på 8. trinn ved Os ungdomsskule. Nærkontaktar varsla. Dette er det 18. smittetilfellet knytt til utbrotet.
  • Mann i 50-åra. Kjend smitteveg, nærkontaktar varsla.

– Teststasjonen i Kolskogen melder om ny rekord: 302 personar testa seg i går, laurdag, opplyser kommuneoverlege Klaus Melf.

Les også: Rekordmange testet seg lørdag

Slik går du fram for å teste deg 

Klikk her for å bestille time for testing

Du kan òg ringe 475 08 412 for å avtale tid for test. Telefontider: måndag til fredag kl. 8.30-11.45/12.30-15. Laurdag, søndag og heilagdagar kl. 9.15-10/11-13/14-16.30. 

Her kan du bli testa

  • Koronalegevakta i Røde Kors-huset i Kolskogheiane 8, 5200 Os. Testing alle dagar.
  • Teststasjonen i den gamle ungdomsskulen i Eikelandsosen, Brakabygda 33, 5640 Eikelandsosen. Testing måndag, onsdag og fredag. 

Du kan ikkje møte opp utan timeavtale.