Anbefaler å avlyse organiserte fritidsaktivitetar for 5.-10. trinn

Kommunal kriseleiing (KKL) i Bjørnafjorden har vore samla til møte laurdag, i samband med smitteutbrotet på 8. trinn ved Os ungdomsskule.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Representantar frå Folkehelseinstituttet og Statsforvaltaren i Vestland deltok òg i møtet.

Så langt er 16 smittetilfelle knytt til dette eine utbrotet: 15 elevar og éin lærar. Alle 138 elevar på trinnet og 21 tilsette ved skulen er rekna som nærkontaktar og sett i karantene.

Kommuneoverlege Klaus Melf har laurdag føremiddag førebels ikkje fått melding om fleire smittetilfelle knytt til utbrotet på 8. trinn, men ventar framleis på mange testsvar.

Sporing av nærkontaktar held fram

Smittesporingsteamet i Bjørnafjorden kommune har sidan i går ettermiddag jobba for å kartlegge nærkontaktar òg utanfor trinnet.
Fleire av dei smitta elevane har deltatt i ulike organiserte aktivitetar saman med elevar frå andre skular og krinsar i kommunen. Desse blir òg rekna som nærkontaktar og har fått beskjed om å gå i karantene. Smittesporinga held fram i dag, laurdag.

Oppmodar til å avlyse aktivitetar for 5.-10. trinn

– Førebels er dette eit avgrensa utbrot. Vi har ikkje fått melding om at smitten har spreidd seg utover dette trinnet. Men for å hindre eventuell smittespreiing, oppmodar KKL alle lag og organisasjonar om å avlyse organiserte fritidsaktivitetar som involverer barn og unge frå 5. til 10. trinn i Bjørnafjorden kommune fram til og med 18. mai, seier ordførar Trine Lindborg.

– Vi veit at det går litt på kryss og tvers av både aldersgrupper, klassetrinn og skular på fritida. Det bør vi avgrense så mykje som mogleg til vi har oversikt over smittesituasjonen, seier Lindborg.

– Følg nasjonale reglar for arrangement

– Bjørnafjorden kommune følgjer dei nasjonale smitteverneglane og anbefalingane. Vi har allereie oppmoda innbyggarane til alternative og kreative 17. mai-markeringar innanfor smittevernreglane. Denne oppmodinga gjeld framleis, seier ordførar Lindborg.

Auka kapasitet på test og telefon 

– Koronalegevakta i Kolskogen har trappa opp kapasiteten på testing og rådgiving på telefon. Alle som har fått anbefaling om å teste seg, skal få time i løpet av kort tid, seier ordføraren.

Slik går du fram for å bestille test