Tolv nye smittetilfeller på Os ungdomsskule

Alle på 8. trinn er i karantene. Husstandsmedlemmer må òg i karantene.

Følg  NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Nye 12 elevar på 8. trinn ved Os ungdomsskule har fått påvist covid-19. Kommuneoverlege Klaus Melf fekk melding om dette fredag ettermiddag.
 
Desse kjem i tillegg til tre smittetilfelle blant elevane og eitt hos ein lærar som vi tidlegare har informert om.Totalt er altså 16 smittetilfelle så langt knytte til utbrotet. 

Alle dei 12 nye smitta er allereie i karantene. Smittesporingsteamet er i gang med å kartlegge eventuelle andre nærkontaktar.

Alle på 8. trinn er i karantene

Heile 8. trinn har heimeundervisning, men ikkje alle elevane har vore i karantene før no.

Skulen har i ettermiddag sendt ut SMS til dei føresette på 8. trinn med informasjon om at alle 138 8.-klassingane no er rekna som nærkontaktar, og må gå i karantene og bestille test snarast. I tillegg er 13 lærarar i karantene.

Husstandsmedlemmer må òg i karantene

– Alle som bur saman med nærkontaktane eller andre tilsvarande nære må vere i ventekarantene til nærkontaktane har fått negativt prøvesvar. Dette betyr at foreldre, søsken og andre nære skal halde seg i ventekarantene fram til testresultatet er klart, seier kommuneoverlege Klaus Melf. 

Unntak for vaksinerte

– Unntaket er dersom nærkontakt eller husstandsmedlemmer er fullvaksinerte mot covid-19  eller allereie har gjennomgått covid-19-sjukdom dei siste 6 månadane. Då treng dei ikkje gå i karantene/ventekarantene.
Dersom nærkontakt har fått éin dose med vaksine for minst tre veker sidan, treng dei heller ikkje gå i karantene/ventekarantene, men dei må likevel teste seg mellom dag 3 og 7 i denne perioden, seier Melf.

Les meir om karantenereglar og ventekarantene på Helsedirektoratet sine nettsider

Konsekvensar for undervisning på andre trinn

KKL (kommunal kriseleiing) møtest i ettermiddag, mellom anna for å ta stilling til kva konsekvensar smitteutbrotet vil ha for undervisninga på skulen neste veke. Leiinga ved Os ungdomsskule vil gi føresette og elevar meir informasjon når dette er klart.