Tarjei Strøm leder Bjørnafjordenkonferansen

Oseana. FOTO: Jan Petter Svendal

Veien videre er tema for den andre konferansen i Oseana.

Følg  NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Bjørnafjorden Næringsråd vil 11. november 2021 gjennomføra Bjørnafjordkonferansen for andre gang.  

Bjørnafjordkonferansen vart for første gang arrangert i 2019 i regi av Os Kommune, med Bjørnafjorden Næringsråd som medarrangør. I 2020 vart alle planar utsett pga Covid-19.

– Med ei positiv utvikling i smittenedgang og ein strategi om at alle over 18 år vil vera vaksinert innan utgangen av sommaren, vil næringsrådet igjen samla næringslivet i Bjørnafjorden, Synnøve Reksten Mowinckel, daglig leder, Bjørnafjorden Næringsråd.

Denne gangen er det Bjørnafjorden Næringsråd som står for gjennomføringa. Dei har med seg Fjordfolk som eventbyrå, som også var med å arrangera i 2019.  

– Programmet har fokus på næringslivet i Bjørnafjorden, utviklinga vi står ovanfor med ny E39, infrastrukturen som no vil knyta oss nærare flyplass og storby, veksten i befolkninga og utviklinga i eit bygdesamfunn.

Etter lunsj vil dei sjå på utfordringar og omstillingar som har vorte nødvendig under Covid-19 med mellom anna bygging av bedriftskultur, nye digitale flater, marknadsføring, nettverk utan å møtast og korleis ein kan nytta dette til å fortelja ei bedrift eller eit produkts historie. Kva er vegen vidare?  

– Sparebanken Vest er med som hovudsponsor og næringsrådet ønsker òg fleire lokale bedrifter med på laget.  

Etter enda fagleg samling, byr Bjørnafjorden Næringsråd deltakarane med på After Work, street food og god drikke!  I første omgang er det eit avgrensa tal billettar på grunn av restriksjonane vi framleis lever med. After Work vil ha eit maks tal på 150 personar.

Foreløpige foredragsholdere:
Konferansier: Tarjei Strøm
Ståle Rød, Konsernsjef, Skanska
Geir Bjørkeli, CEO, Corvus Energy
Aina Tjosås, Rådgiver for Areal og Samfunnsplanlegging, ABO
Fjordfondet, Sparebanken Vest
Geir Aker, Optimus Kompetanse, “Fenriken”
Natalie Totland, Personlig Trener, NXT Level
Carl-Erik Michaelsen Moberg, Medgrunder, TicketCo
Jan Frode Skeie, Daglig Leder, Elements Production AS
Stig Bareksten, Bareksten, OSS Craft Distillery