Fleire er smitta på ungdomskulen

Heile 8. trinn er tatt ut av Os ungdomsskule, og vil få heimeundervisning medan kartlegging av nærkontaktar pågår. 

Følg  NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Torsdag kveld, fekk kommuneoverlegen melding om at ein elev på 8. trinn ved Os ungdomsskule har fått påvist covid-19.

Også ein mann i 20-åra utanom skulen testa positivt torsdag.

– Mann i 20-åra. Smittevegen er kjend og nærkontaktar varsla, melder kommunen.

Tidlegare testa også ein lærar positivt for covid-19.

– I dag, 7. mai, har to nye 8. klassingar fått påvist smitte. – Heile 8. trinn er tatt ut av skulen, og vil få heimeundervisning medan kartlegging av nærkontaktar pågår.  Det er ikkje mistanke om smittespreiing til andre trinn ved skulen. Alle øvrige elevar og tilsette skal difor vere på skulen som vanleg, melder Bjørnafjorden kommune.

Nærkontaktar får beskjed

Føresette til elevar som er nærkontaktar til smitta, og som difor må gå i karantene/ventekarantene, får ei eiga melding om dette. 

Husstandsmedlemmer må òg i karantene

– Alle som bur saman med nærkontaktane eller andre tilsvarande nære må vere i ventekarantene til nærkontaktane har fått negativt prøvesvar. Dette betyr at foreldre, søsken og andre nære skal reise heim frå jobb, skule og barnehage snarast og halde seg i ventekarantene fram til testresultatet er klart, seier kommuneoverlege Klaus Melf. 

Unntak for vaksinerte

– Unntaket er dersom nærkontakt eller husstandsmedlemmer er fullvaksinerte mot covid-19  eller allereie har gjennomgått covid-19-sjukdom dei siste 6 månadane. Då treng dei ikkje gå i karantene/ventekarantene.

Dersom nærkontakt har fått éin dose med vaksine for minst tre veker sidan, treng dei heller ikkje gå i karantene/ventekarantene, men dei må likevel teste seg mellom dag 3 og 7 i denne perioden, seier Melf.

Les meir om karantenereglar og ventekarantene på Helsedirektoratet sine nettsider