Elev på 8.trinn ved Os ungdomsskule er smitta

Ingen elevar på 8. trinn skal møte på skulen i dag, fredag.

Følg  NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Ein elev på 8. trinn ved Os ungdomsskule har fått påvist covid-19.

– Medan kartlegging av nærkontaktar pågår, vil heile trinnet få heimeundervisning. Ingen elevar på 8. trinn skal møte på skulen i morgon, fredag, melder Bjørnafjorden kommune.

Dei tilsette ved skulen som blir rekna som nærkontaktar, er varsla.

Les også: Ansatt ved Os ungdomsskule testet positivt på covid-19

Skulen har sendt ut SMS med informasjon til alle føresette på 8. trinn torsdag kveld.

– Føresette til elevar som er nærkontaktar til den smitta eleven, og som difor må gå i karantene/ventekarantene, får ei eiga melding om dette. 

Helsepersonell frå kommunen vil ta kontakt i løpet av fredag for å gi meir informasjon og rettleiing til nærkontaktane og deira husstandsmedlemmer.

Det er ikkje mistanke om smittespreiing til andre trinn ved skulen.

– Alle øvrige elevar og tilsette skal møte på skulen som vanleg.

Les meir om karantenereglar og ventekarantene på Helsedirektoratet sine nettsider