– Husstandsmedlemmer må òg i karantene

Elevane i to åttandeklassar på Os ungdomsskule må teste seg snarast, og halde seg i karantene i 10 dagar.

Følg  NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Ein tilsett ved Os ungdomsskule testa positivt for covid-19 i går, onsdag. Testen er tatt i ein annan kommune, og har ikkje samband med ungdomsfesten sist veke.

55 elevar i to 8. klassar og fem tilsette ved skulen er rekna som nærkontaktar.

Dei må teste seg snarast, og halde seg i karantene i 10 dagar. Husstandsmedlemmer av nærkontaktane må vere i ventekarantene til første negativ test ligg føre hos nærkontakten.

Os ungdomsskule har sendt heim elevane i dei to aktuelle 8. klassane, og gitt føresette beskjed via SMS.

Husstandsmedlemmer må òg i karantene

– Alle som bur saman med nærkontaktane eller andre tilsvarande nære må vere i ventekarantene til nærkontaktane har fått negativt prøvesvar. Dette betyr at foreldre, søsken og andre nære skal reise heim frå jobb, skule og barnehage snarast og halde seg i ventekarantene fram til testresultatet er klart, seier kommuneoverlege Klaus Melf. 

Unntak for vaksinerte

– Unntaket er dersom nærkontakt eller husstandsmedlemmer er fullvaksinerte mot covid-19 dei siste 6 månadane eller allereie har gjennomgått covid-19-sjukdom. Då treng dei ikkje gå i karantene/ventekarantene.
Dersom nærkontakt har fått éin dose med vaksine for minst tre veker sidan, treng dei heller ikkje gå i karantene/ventekarantene, men dei må likevel teste seg mellom dag 3 og 7 i denne perioden, seier Melf.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s