Får BioNtech/Pfizer-vaksinen som andre dose

Helsepersonell som fekk Astrazeneca-vaksinen skal få ein ny dose vaksine fremover.

Følg  NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Er du helsepersonell og fekk Astrazeneca-vaksinen som første dose?

Då vil du få tilbod om BioNtech/Pfizer-vaksinen som andre dose 12 veker etter at du fekk den første vaksinedosen.

Startar vaksineringa i 17. mai veka, veke 20.

– Dersom du fekk første dose i veke 8, betyr dette at du vil få andre dose i veke 20. Dersom du fekk første dose i veke 9, vil du få andre dose i veke 21, og så vidare, melder Bjørnafjorden kommune.

Kommunen sender deg innkalling på SMS, så du treng ikkje gjere noko.