431 får første vaksinedose neste veke

Prioriteringsgruppe 6 er personar mellom 45 og 54 år med underliggande sjukdommar.

Følg  NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Neste veke vil 431 personar i prioriteringsgruppe 6 få tilbod om første vaksinedose.

Tilbod om vaksine blir sendt ut på SMS fortløpande og fram til rett før vaksinasjonsstart den 12. mai.

– Ver vennleg å ikkje ringe vaksinetelefonen før du har fått SMS. Vi har ikkje gløymt deg – du vil få tilbod når det er din tur, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Av til saman 726 dosar BioNTech/Pfizer-vaksine som Bjørnafjorden kommune får neste veke, vil 295 vere 2. dose, og 431 1. dose. 

Sjå FHI si oversikt over prioriteringsrekkefølgje for koronavaksine.

Kven er i prioriteringsgruppe 6?

Prioriteringsgruppe 6 er personar mellom 45 og 54 år som har følgande tilstandar eller sjukdom som gir moderat risiko for alvorleg forløp av covid-19:

  • Kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsett leverfunksjon  
  • Immundempande behandling som ved autoimmun sjukdom  
  • Diabetes  
  • Kronisk lungesjukdom, inkludert alvorleg astma som har medført bruk av høgdose-inhalasjonssteroider eller steroidtablettar siste året  
  • Fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller meir
  • Demens  
  • Kroniske hjarte- og karsjukdommar (med unntak av høgt blodtrykk)  
  • Hjerneslag 
  • Annan svært alvorleg sjukdom kan også gi auka risiko for alvorleg forløp av covid-19. Vaksinasjon i slike tilfelle blir vurdert individuelt av lege. 

    Er du over 65 år/har ein høgrisikodiagnose og ventar på tilbod om første vaksinedose?

Dersom du tilhøyrer prioriteringsgruppe 1-4 og har varig opphald i Bjørnafjorden kommune eller har fastlege her, skal du no ha fått tilbod om vaksine frå oss.
Vi har hatt problem med å komme i kontakt med nokre få personar i gruppe 1-4.
Dersom du framleis ventar på vaksinetilbod, eller du tidlegare har avslått tilbodet om vaksine og no har ombestemt deg, kan du ringe oss på vaksinetelefonen 913 58 649.

Merk at dette gjeld personar over 65 år. Har du enno ikkje fylt 65 år, må du vente litt til. 

Kva skjer med vaksinedosen om nokon ikkje møter opp?

Nokre kommunar ber innbyggarar som kan vere tilgjengelege på 30 minutts varsel om å registrere seg på ei liste, slik at dei kan bli kalla inn dersom andre ikkje skulle møte opp til timen sin.

Vi har ikkje ei slik «reserveliste» i Bjørnafjorden. Før kvar vaksinasjonsdag blir dei neste på lista spurde om dei kan vere standby.