370 MILLIONAR KRONER TIL FERIE- OG FRITIDSAKTIVITETAR


Bjørnafjorden kommune har fått midlar til to prosjekt.

Følg  NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Tirsdag ble 176 millionar kroner delt ut til ulike ferie- og fritidsaktivitetar for barn og unge. Totalt har regjeringa løyvd 370 millionar kroner til Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge i 2021.

Ordninga, som blei styrka med 46,5 millionar kroner i 2021, skal bidra til å gje barn og unge mogelegheit til å vere med på ferie- og fritidsaktivitetar uavhengig av inntekta til foreldra.

– Eg er glad for at barn over heile landet kan få tilbod om gode ferie- og fritidsaktivitetar. Her kan dei bli inkludert i eit fellesskap, skape venskap og oppleve meistring, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Under pandemien har det ikkje vore mogeleg å oppretthalde aktivitetane og tilboda på normalt nivå. Samstundes har mange organisasjonar, aktørar og frivillige jobba for å gje eit tilbod.

– Dei frivillige, kommunar og private aktørar gjer ein utruleg viktig jobb for mange barn og unge. Eg er imponert over den innsatsen dei har gjort det siste året med å tilpasse aktivitetane til gjeldande smittevernreglar, seier Ropstad.

Tidlegare i år fekk 50 organisasjonar innvilga støtte. I dag er det over 600 søknadar med fleire forskjellige tiltak og aktivitetar som får støtte i 260 ulike kommunar.

I år har rekordmange kommunar meldt seg på ordninga. Om lag 2/3 av dei utbetalte tilskota går til frivillige organisasjonar, medan offentlege instansar og private aktørar òg er blant tilskotsmottakarane.

Utstyr og åpen hall for ungdom
I frå Bjørnafjorden kommune har det kome inn 7 søknader, og to av desse er innvilga, begge fra kommunen.

Utstyrssentralen BUA i Bjørnafjorden kommune har fått 600 000 kroner.

«Utstyrssentralen skal drive utlån av utstyr for å redusere de økonomiske barrierene for deltakelse i ulike ferie- og fritidsaktiviteter. Utlån skal være gratis eller ha svært lave kostnader for målgruppen. Det skal være faste rutiner for samarbeid med én eller flere aktører som er i regelmessig, direkte kontakt med tilskuddsordningens målgruppe (NAV,
politi, barnevern eller andre)».

Åpen hall Alternativ meistringsarena for ungdom mellom 13-20
år har fått 165 000 kroner.

«Åpen hall for ungdom mellom 13 og 20 år. Målet er å få ungdommene inn fra gata og tilby dem et bredt spekter av aktiviteter slik at de kan påvirke hvilke aktiviteter de ønsker å drive med. Åpen hall vil være åpen fire ganger i uken fra kl. 15-18, to dager i uken for elever i ungdomsskolealder, og to dager for elever i videregående skole og opp til 20 år».