Var du på festen? Gå i karantene og bestill test

– Det er ei stor utfordring å få tak i alle som var på festen.

Følg  NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

– Det er ei stor utfordring å få tak i alle som var på festen. Vi har ikkje fullstendig oversikt, og det er òg nokre som ikkje tar telefonen når vi ringer, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Melf og smittesporarane i Bjørnafjorden kommune har jobba på spreng det siste døgnet for å få oversikt over alle som var til stades på festen laurdag:

– Festdeltakarane var i hovudsak elevar ved vidaregaånde skular i Bjørnafjorden kommune og Bergen kommune. I tillegg har vi fått opplyst at det òg skal ha vore ungdomsskuleelevar frå Bjørnafjorden til stades på festen. I samarbeid med nokre av festdeltakarane, har vi førebels laga ei liste med 63 namn. Lista er neppe fullstendig. Det betyr at det framleis er nærkontaktar vi ikkje har fått tak i, seier Melf.

Var du på festen? Gå i karantene og bestill test

– Var du på festen på laurdag? Gå i karantene og bestill test. Eg ber òg føresette om å sjekke med barna sine om dei var til stades på den aktuelle festen, oppmodar kommuneoverlegen. 

  • Alle som var til stades på festen er rekna som nærkontaktar
  • Nærkontaktar skal gå i karantene og bestille test så snart som mogleg. Slik går du fram for å bestille test
  • Husstandsmedlemmer til nærkontaktane er òg i karantene til det første testsvaret er klart
  • Nærkontaktar må i utgangspunktet vere i karantene i 10 dagar, men kan avslutte karantenen dersom ein kontrolltest tatt etter 7 dagar er negativ

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s