Startar omfattande arbeid i Øvre Varåsen

Kommunen skal legge alle kablar i grøft og oppgradere den kommunale vegen.

Følg  NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Bjørnafjorden kommune skal oppgradere den kommunale vegen Øvre Varåsen, sør om bommen. Arbeidet startar i dag, måndag 26. april, og vil vare fram til hausten (opphald i fellesferien).

Alle kablar i Øvre Varåsen skal leggast i grøft i vegen. Trestolpane vil bli fjerna, og det kjem nye veglys. Arbeidet skjer i samarbeid med BKK og andre.

Ver forsiktig

Vi vil ha eigne tilsette som har ansvar for å følgje skulebarn og andre mjuke trafikantar forbi anleggsområdet. Vi ber foreldre oppmode barna sine til å bruke alternative vegar, der det er mogleg.

Naboar er varsla

Kommunen har vore i kontakt med grunneigarane som blir påverka av anleggsarbeidet, og hatt synfaring hos alle som bur inntil vegen. SMS blir sendt ut til alle som bur i det berørte nabolaget.

Bommen i Øvre Varåsen vil stå open når arbeidet pågår.