Kommunen vil ha deg med på å laga sommarskule for barn og unge

Friluftsliv for unge? Foto: Jan Petter Svendal

Har du, laget eller organisasjonen din lyst til å vere med og gi barn og unge i Bjørnafjorden ein spennande og meiningsfylt sommar?

Følg  NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Bjørnafjorden kommune har fått tildelt midlar frå Utdanningsdirektoratet for å gjennomføre sommarskule 2021.

Sommarskulen skal tilby varierte kurstilbod, til dømes innan kunst, dans, musikk, idrett, språk, foto, film, realfag, teater, mat og helse, handverk, friluftsliv eller andre spennande og lærerike tema og aktivitetar.

Kva er målet for Sommarskulen?
Eit sentralt mål for sommarskulen er at barn og unge skal oppleve meistring gjennom kurs med god fagleg kvalitet, samtidig som dei får moglegheit til å ha det gøy og få nye venner.

– Vi ønskjer å gi fleire unge ein arena der dei kan delta i faglege, sosiale og kulturelle aktivitetar i sommarferien 2021.

Kommunen vil ha nokre kurs i eigen regi.

– I tillegg vil vi gjerne inngå samarbeid med lag, organisasjonar eller privatpersonar i lokalmiljøet. Kursa blir fullfinansiert av Bjørnafjorden kommune.

Her kan du melda inn ditt( laget/ organisasjonen sitt kurstilbod!

Har du, laget eller organisasjonen din lyst til å vere med og gi barn og unge i Bjørnafjorden ein spennande og meiningsfylt sommar?

  • Set saman ein «kurspakke» med aktivitetar måndag-fredag, i éi eller to veker.
    • De har ansvar for avvikling, mannskap, lønn, politiattest, mat, utstyr og smittevern.
    • Kommunen dekker innkjøp til utstyr etter ulike behov, dersom de melder frå om dette på førehand. Kommunen overtar det innkjøpte utstyret etter kursslutt.
    • Kursa kan bli gjennomført i klasserom, skuleområdet og nærmiljø der ein legg vekt på ei praktisk tilnærming til nye og spennande opplevingar.
    • Sommarskulen er gratis for deltakarane. Tilskotet skal dekke utgifter knytt til nye sommarskuletilbod, eller eit utvida eksisterande tilbod. Tilskotet kan ikkje nyttast til å finansiere eksisterande lokale tilbod tenkt gjennomført i sommar.

      Les meir på Bjørnafjorden kommune sine nettsider!