Over 600 får vaksine

Neste veke startar kommunen på gruppe 5, aldersgruppa 55-64 år.

Følg  NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Neste veke er det oppstart for vaksinasjon av prioriteringsgruppe 5. 
Tilbod vil gå ut til over 600 personar i aldersgruppa 55-64 år med underliggande tilstandar og sjukdomar som gir moderat risiko for alvorleg koronaforløp.

– Vaksinasjonen av dei mange i gruppe 4 har gått greitt. No er det berre nokre svært få personar i gruppe 4 igjen, som alle vil få tilbod om å ta vaksine neste veke. Då startar vi òg med vaksinasjon av ei ny prioriteringsgruppe, gruppe 5. Over 600 i denne gruppa vil få tilbod om å ta 1. vaksinedose neste veke, opplyser kommuneoverlege Klaus Melf.

Prioriteringsgruppe 5 er personar mellom 55 og 64 år som har følgande tilstandar eller sjukdom som gir moderat risiko for alvorleg forløp av covid-19:

  • Kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsett leverfunksjon  
  • Immundempande behandling som ved autoimmun sjukdom  
  • Diabetes  
  • Kronisk lungesjukdom, inkludert alvorleg astma som har medført bruk av høgdose-inhalasjonssteroider eller steroidtablettar siste året  
  • Fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller meir
  • Demens  
  • Kroniske hjarte- og karsjukdommar (med unntak av høgt blodtrykk)  
  • Hjerneslag 
  • Annan svært alvorleg sjukdom kan også gi auka risiko for alvorleg forløp av covid-19. Vaksinasjon i slike tilfelle blir vurdert individuelt av lege. 

Tilbod om vaksine blir sendt ut på SMS i løpet av inneverande veke, veke 16.

Er du over 65 år/har ein høgrisikodiagnose og ventar på tilbod om første vaksinedose?

Dersom du tilhøyrer prioriteringsgruppe 1-4 og har varig opphald i Bjørnafjorden kommune eller har fastlege her, skal du no ha fått tilbod om vaksine.

– Vi har hatt problem med å komme i kontakt med nokre få personar i gruppe 1-4. Dersom du framleis ventar på vaksinetilbod, eller du tidlegare har avslått tilbodet om vaksine og no har ombestemt deg, kan du ringe oss på vaksinetelefonen 913 58 649.

Les meir om koronavaksinasjon i Bjørnafjorden kommune 

Dersom du er folkeregistrert i Bjørnafjorden kommune, treng du ikkje ta kontakt med kommunen eller fastlegen for å setje deg på venteliste til vaksinasjon.

– Vi tar kontakt og gir tilbod til alle som er anbefalt å ta vaksinen – i tur og orden.

Koronavaksinasjon er gratis og frivillig.