Er det din tur?

Over 700 får vaksine neste veke.

Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!

Neste veke, veke 16, vil 724 personar i prioriteringsgruppe 4 få tilbod om første dose med koronavaksine (BioNTech/Pfizer). I tillegg vil fleire yngre personar med høgrisikodiagnose få vaksine, melder Bjørnafjorden kommune.

Prioriteringsgruppe 4 er personar mellom 65 og 74 år, pluss personar mellom 16 og 64 år med sjukdomar eller tilstandar som gir høg risiko for alvorleg forløp.

– Dette betyr at alle som er fødde i 1952, 1953 og 1954 vil få tilbod om å ta koronavaksine onsdag 21. april. I tillegg vil vi i veke 16 gi vaksine til fleire yngre med høgrisikodiagnosane organtransplantasjon, alvorleg immunsvikt, aktiv kreftsjukdom, alvorlege nevro-muskulære tilstandar og kronisk nyresjukdom, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Vaksinering med AstraZeneca-vaksinen er stoppa, og vil ikkje bli starta opp igjen før FHI eventuelt gir klarsignal. Dette betyr at også vaksinering av kritisk helsepersonell er lagt på is. 

Tilbod om vaksine blir sendt ut på SMS.