DET BLIR EI ANNLEIS 17. MAI-FEIRING I ÅR ÒG

Det vert blant anna digital 17. mai-markering.

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

– Å, så gjerne vi skulle ha samla oss i hopetal, gått i tog og feira i flokk! Men slik blir det ikkje – og då må vi gjere det beste ut av det, i år som i fjor, er meldinga frå Bjørnafjorden kommune denne fredagen.

Les også :EN 17. MAI HVOR KREATIVITETEN BLOMSTRET (BILLEDSERIE 2020)

Her er noko av det som vil skje i Bjørnafjorden kommune 17. mai 2021: 

  • Bjørnafjorden kommune inviterer igjen til digital 17. mai-markering.
  • Musikkorps vil besøke institusjonar rundt om i Bjørnafjorden, spele og spreie glede, i trygge omgjevnader utandørs. 
  • Tradisjonen tru, er alle 5. -klassingar i kommunen inviterte til å teikne 17. mai-teikningar. Vi gler oss til å sjå – og vise fram – dei flotte kunstverka etter kvart.

Meir og detaljert informasjon om programmet kjem.

Tenk kreativt (og trygt) i krinsane!

– Vi oppfordrar 17. mai-komiteane rundt om i krinsane til å tenke kreativt og alternativt innanfor smittevernreglane. Korleis vi kan feire og kor mange som kan vere samla, avheng av smittesituasjonen. Regjeringa vil komme med ei presisering av råd og reglar for 17. mai-feiringa om kort tid.

– Heis flagget, ta på finstasen og lat oss feire alt vi er glade for!