400 millionar kroner til vedlikehald av fylkesvegane er fordelt

Berre Oslo får meir enn Vestland av pengane.

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

– Fylkesvegane treng eit løft. Det har vi signalisert i ny Nasjonal transportplan og vi viste det allereie gjennom budsjettforhandlingane for 2020 og 2021. No følger vi opp desse forhandlingane og fordeler om lag 400 millionar kroner ekstra til vedlikehald av fylkesvegar. Det vil gi betre vegar for folk og næringstransport i heile Noreg, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Det er fylkeskommunane som har ansvaret for fylkesvegane, og må prioritere midlar til bygging, drift og vedlikehald. Regjeringa har likevel to øyremerka tilskotsordningar for fylkesvegar: Vedlikehald av fylkesvegar og utbetring av fylkesvegar som er viktige for tømmertransport.

For å stimulere til aktivitet og jobbar i heile landet, i samband med koronakrisa, blei det seint i 2020 vedtatt 400 millionar kroner ekstra til vedlikehald av fylkesvegar. Desse pengane er det ikkje krav om at må gå til vegar som er viktige for sjømatnæringa, som tilskotsordninga eigentleg krev. Vedtaket kom så seint på året at pengane blei overførte til 2021.

– Etter gode forhandlingar i Stortinget, blei vi einige med Fremskrittspartiet (Frp) om desse ekstra midlane. Dette kjem i tillegg til dei prosjekta og tiltaka som allereie er planlagt for 2021 av fylkeskommunane. Mange stader er det eit stort behov for oppgradering, og no kjem det meir pengar, seier samferdselsministeren.

Det er ikkje stilt krav til eigendel frå kommunane og pengane skal gå til vedlikehaldstiltak og mindre utbetringstiltak. Dei ulike tiltaka kan vere asfaltering, reasfaltering, bygging av rekkverk, vegoppmerking, kantforsterkningar, vegetasjonsrydding, stikkrenner, grøfting og ferjekaiar. Tiltaka må gjennomførast i løpet av 2021.

Statens vegvesen har fordelt pengane etter fylke, og ikkje prosjekt og tiltak, fordi det kan komme endringar gjennom året.

FylkeTilskot
Vikenca. 41 mill. kr
Osloca. 1,4 mill. kr
Innlandetca. 25 mill. kr
Vestfold og Telemarkca. 29 mill. kr
Agderca. 29 mill. kr
Rogalandca. 17 mill. kr
Vestlandca. 76 mill. kr
Møre og Romsdalca. 40 mill. kr
Trøndelagca. 28 mill. kr
Nordlandca. 57 mill. kr
Troms og Finnmarkca. 57 mill. kr

I tillegg blei det nyleg fordelt 46,9 millionar kroner til utbetring av fylkesvegar for tømmertransport i 2021 og gitt tilsegn om 19,6 millionar kroner for 2022