Vedtar reglar som vil redusere plastforureininga frå kunstgrasbanar

Gummigranulat frå kunstgrasbanar er blant dei største kjeldene til spreiing av mikroplast i Noreg.

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

No har regjeringa vedtatt forskrift med ei rekke krav som skal hindre denne forureininga.

– Plastforureining i naturen er eit stort problem, både på land og i havet. I Noreg endar meir enn 1500 tonn gummigranulat frå kunstgrasbanar i naturen kvart år. Difor gjennomfører vi no eit nytt regelverk som skal redusere denne forureininga med over 90 prosent, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn. 

Gummigranulat er små, svarte plasthaldige kuler, vanlegvis lagd av gamle bildekk, som nyttast som fyllmasse for plastgraset på banen.

Blant dei viktigaste tiltaka regjeringa no gjer for å hindre at gummigranulat spreier seg utanfor banen, er å stille krav til fysiske barrierar rundt banen, krav til snørydding og behandling av snøen som inneheld granulat, samt tiltak for å hindre at spelarar og dommarar spreier granulat når de forlét banen. Eigaren av banen skal dessutan vurdera om det går an å bruke erstatningsmateriale, og gjere det der det er mogleg.

– Vi tar no eit stort skritt for å redusere ei av dei største kjeldene vi har til mikroplastforureining. Samstundes innfører vi overgangsordningar som skal gjere det enklare for kommunane og idrettslaga som eig desse banane, å gjennomføre tiltaka, seier Rotevatn.

For å gjere det lettare for eigarane av kunstgrasbanane å gjennomføre tiltaka, vil til dømes dei mest kostnadskrevjande tiltaka fyrst tre i kraft når banane skal rehabiliterast. Det same gjeld for banar som har fått byggjeløyve etter plan- og bygningslova før reglane trer i kraft. Dette vil redusere og forskyve dei høgaste kostnadene fram i tid. 

Også i EU ser dei på ulike tiltak for å redusere bruken av gummigranulat. Men prosessen – der forbod mot granulat har vore eit av forslaga –  kan ta lang tid.  Det er i dag særs usikkert kva slags type regulering og kva for frister for gjennomføring som vert resultat av prosessen.

– Det er bra at EU ser på dei uheldige sidene ved å nytte mikroplast, til dømes gummigranulat. Her kan den norske reguleringa bidra med viktige erfaringar inn i eit eventuelt framtidig EU-regelverk, avsluttar Rotevatn.

Du kan lese forskriften her.