
Ein mann i 30-åra fekk påvist covid-19 i går, onsdag.
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
Vedkomande var ved Vitus apotek Fusa på Fjord’n senter i smittsam fase, laurdag 3. april.
– Apoteket har svært gode smittevernrutinar, så risikoen for smitte er låg. I samråd med apoteket, ber vi likevel dei som var innom på laurdag om å følgje ekstra godt med på eventuelle symptom og ha låg terskel for å teste seg, seier kommuneoverlege Klaus Melf.
Smittevegen til mannen er ukjend.