NAV Bjørnafjorden Tar i bruk ny innsynsløysing

Har du søkt om sosialhjelp og lurer på kva som skjer i saka di?

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

NAV Bjørnafjorden tar i bruk den nye innsynsløysinga frå og med i dag, 8. april. Den digitale løysinga gjer at du raskt og enkelt kan sjå status i saka di, lese brev og vedtak, og sjekke utbetalingar.

– Betre service

– Vi trur dette vil gi brukarane våre betre service, både ved raskare saksbehandling og ved at du sjølv raskt kan sjekke status i di eiga sak, seier avdelingsleiar i NAV Bjørnafjorden, Line Naterstad Solheim.

No kan du enkelt både søkje og følgje saka di på nav.no/sosialhjelp.

Har du spørsmål?

Treng du hjelp til utfylling? Ta kontakt med NAV sitt kontaktsenter på telefon 55 55 33 33. Dersom du av ulike årsaker ikkje kan bruke digitale løysingar, kan du sjølvsagt framleis få hjelp i publikumsmottaket.