
Ein tilsett ved Er-An veikro på Røykenes har fått påvist covid-19. Kommunen ber dei som besøkte vegkroa om å vera ekstra merksame på symptom.
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
Vedkomande var på jobb i smittsam fase ettermiddag/kveld laurdag 3. og søndag 4. april.
– Det er låg risiko for at besøkande kan ha blitt smitta i dette tilfellet. Men vi ber likevel om at alle som har besøkt restauranten i det aktuelle tidsrommet er ekstra merksame på symptom, og har låg terskel for å teste seg, seier kommuneoverlege Klaus Melf.
Svært gode smittevernrutinar
Er-An veikro held stengt fram til og med torsdag 8. april. Alle tilsette blir testa i dag. Tre av desse blir rekna som nærkontaktar til den smitta, og er sett i karantene.
– Er-An har svært gode smittevernrutinar. Den tilsette har brukt munnbind og hanskar heile tida, og har ikkje hatt symptom. I samråd med Er-An, ber vi likevel besøkande om å følgje med og teste seg ved symptom, seier kommuneoverlegen.
Slik går du fram for å teste deg
Klikk her for å bestille time for testing
Du kan òg ringe 475 08 412 for å avtale tid for test. Telefontider: måndag til fredag kl. 8.30-11.45/12.30-15. Laurdag, søndag og heilagdagar kl. 9.15-10/11-13/14-16.30.