Tre av tilfella er born og vaksne i Flåten naturbarnehage.
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
Kommuneoverlegen i Bjørnafjorden kommune fekk onsdag ettermiddag rapportert tre nye smittetilfelle i kommunen.
- Mann i 70-åra. Kjent smitteveg frå anna kommune.
- Kvinne i 30-åra. Forelder i Flåten Naturbarnehage.
- Kvinne i 20-åra. Forelder i Flåten Naturbarnehage.
I tillegg har kommuneoverlegen i morgontimene torsdag morgon mottatt melding om at ytterlegare eit barn i barnehagene er smitta med SAR-COV-2.
Dei nye utbrota i påverkar ikkje karantenetida for nærkontaktane i barnehagen. Den gjeld framleis fram til og med 10. mars.
Rundt 180 testar
Kapasiteten ved teststasjonane i kommunen er god og onsdag blei det testa omlag 180 personar.
– Om det er rekord har eg ikkje oversikt over her og no, men det er i øvre sjiktet av kor mange vi har testa på ein dag og syner at vi har god kapasitet på teststasjonen når det trengs, seier assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.