Tre nye smittetilfelle

Alle med tilknytning til Flåten Naturbarnehage.

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

To barnehagebarn og ein far i 30-åra har fått påvist smitte av SARS-COV-2. Alle har ein tilknytning til Fåten Naturbarnehage, melder Bjørnafjorden kommune onsdag morgon.

–  Vi ser at viruset no har smitta vidare frå barn til føresatte. Det er ikkje unaturleg då det er vanskeleg å halde barn i isolasjon på same måte som med vaksne, seier assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.

Ikkje mutert virus
Kommunen hadde ikke fått svar frå laboratoriet onsdag morgon på om det var ein mutert variant av koronaviruset som hadde spreidd seg i barnehagen.

I føremiddag kom svaret,  og det er ikkje ein mutert variant av Covid-19.

– Når vi ser korleis dette har utvikla seg vil vi oppmode familiemedlemmer som ikkje har testa seg om å gjere dette. Vi har god kapasitet ved teststasjonen. Familiemedlemmane, som søsken, vil ikkje bli satt i karantene som følgje av testinga og kan møte vener og kjente innanfor dei vanlege smittevernreglane.

– Eg vil samstudes minne heile befolkninga om dei basale smitteverntiltaka. Hald avstand, vask henda, test deg og hald deg heime om du får symptomer.  

Klikk her for å sjå korleis du går fram for å testa deg.