Fire nye smittetilfelle

To av barna i Flåten naturbarnehage er smitta.

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

Kommuneoverlegen fekk måndag ettermiddag rapport om ytterlegare to smittetilfelle av Covid-19. Tysdag kom melding om at to av barna i Flåten naturbarnehage også er smitta.

Dei fire smittetilfella er:
Ein mann i 30-åra, nærkontakt med den smitta kvinna i Flåten naturbarnehage.

Ein mann i 50-åra, nærkontakt med ungdomsskuleelev på Nore Neset Ungdomsskule.

To barn i barnehagealder, nærkontakt med den smitta kvinna i Flåten naturbarnhage.

– Vi har no tolv personar som er bekrefta smitta og som er i isolasjon. Dei fleste knytt til smittetilfella på Nore Neset Ungdomsskule og Flåten Naturbarnehage. Alle er kjente nærkontaktar. Eg meiner difor vi har ei relativt god oversikt over situasjonen. Dette viser at både på Nore Neset ungdomsskule og i Flåten naturbarnehage har rutinane fungert og dei har vore flinke til å følgje dei smittevernregla som gjeld. Vi har altså ikkje eit generelt smitteutbrot i Bjørnafjorden kommune, seier assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.

– Dei som er i karantene som følgje av smitta på Nore Neset ungdomsskule skal teste seg på nytt i morgon, onsdag 3. mars og kan gå ut av karantene om den testen er negativ.

Som følgje av dei nye tilfella i barnehagen er karantenetida for dei andre barna og tilsette utvida til å gjelde til og med 10. mars.