50 born og vaksne er sett i karantene

Ei kvinne i 30-åra, tilsett i Flåten Naturbarnehage, har fått påvist covid-19.  

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

Alle barn og tilsette i barnehagen er definert som nærkontaktar og difor satt i karantene. Dette gjeld 35 barn og 15 vaksne.  

Barnehagen er stengt til over neste helg. Barn og vaksne er oppmoda om å teste seg i løpet av dagen. Personar i same husstand er satt i såkalla ventekarantene fram til resultatet av testane foreligg, melder Bjørnafjorden kommune.  

Ved negativ test kan dei andre husstandsmedlemmene gå ut av ventekarantenen, men nærkontaktane sjølve må vere i karantene til og med 8. mars.

– Dette er i tråd med retningslinene frå FHI. Den positive prøva er sendt til sekvensering for å avklare om det er ein mutert variant av Covid-19. Inntil dette er avklart opptrer vi som om det er ein mutert variant, fortel assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.

Smittevegen er ukjend. Føresette til barnhagebarna, og dei tilsette i barnehagen, har i løpet av dagen blitt oppringt for rettleiing og informasjon frå helsepersonell i Bjørnafjorden kommune.