Tre fikk påvist covid-19

Ved siden av eleven på Nore Neset ungdomsskule, har to andre fått påvist smitte.

Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!

Tre personar fekk påvist covid-19 i Bjørnafjorden i går, 25. februar, melder kommunen.

  • Elev på 9. trinn ved Nore Neset ungdomsskule. Ukjend smitteveg. Elevar og lærarar som er nærkontaktar er sett i karantene. Les meir om dette her.

  • Kvinne i 40-åra. Same husstand som eleven ved Nore Neset ungdomsskule. Ukjend smitteveg. Nærkontaktar i karantene.

  • Ungdom i slutten av tenåra. Elev ved vidaregåande skule i Bergen. Smittevegen er kjend og nærkontaktar i karantene.

– Vi har i tillegg fått stadfesta at éi av dei to positive prøvene frå 23. februar er av den engelske koronavarianten. Dette dreier seg om ein person som kom frå utlandet, og blei testa ved ankomst på Flesland. Han har ein nærkontakt i same husstand, opplyser kommuneoverlege Klaus Melf.