To personer har testet positivt

I tillegg har kommune fått melding om nok ein smitta fra byggeplassen til Meny.

To personar fekk påvist covid-19 i Bjørnafjorden kommune i går. Begge er importsmitte og prøvene blei tatt på Flesland.

  • Mann i 40-åra. Ingen nærkontaktar.
  • Mann i 20-åra. Ein nærkontakt som er sett i karantene.

– I tillegg har vi fått melding frå Bergen kommune om at nok ein arbeidar frå byggeplassen til Meny Industrivegen har testa positivt for covid-19. Mannen bur i Bergen og er i karantene. Totalt er det no fem påviste smittetilfelle knytt til denne byggeplassen. Byggeplassen opnar i dag for arbeidarane som har vore i karantene og testa negativt minst sju døgn etter siste moglege eksponering, opplyser kommuneoverlege Klaus Melf.