Får dei første dosane av AstraZeneca-vaksinen

Helsepersonell skal vaksineres med den nye vaksinen, og så får 85 år pluss andre dose med BioNTech/Pfizer-vaksinen.

Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!

Neste veke får Bjørnafjorden kommune dei 200 første dosane av AstraZeneca-vaksinen. Desse skal gå til helsepersonell. I tillegg vil dei som fekk første dosen av BioNTech/Pfizer-vaksinen i veke 5 (85 år+), no få den andre dosen.

– Vi sender ut tilbod om vaksine til helsepersonell i løpet av denne veka. Dette skjer i prioritert rekkefølgje, fortel kommuneoverlege Klaus Melf.

– Dei som fekk første dose i veke 5, har fått informasjon om når dei skal møte for å få andre og siste dose.

Dersom du er folkeregistrert i Bjørnafjorden kommune, treng du ikkje ta kontakt med kommunen eller fastlegen for å setje deg på venteliste til vaksinasjon.

– Vi tar kontakt og gir tilbod til alle som er anbefalt å ta vaksinen – i tur og orden, melder kommunen.