Åpner meir opp igjen på måndag

Det betyr blant anna heilt ope senter igjen og alkoholservering på serveringsstader.

Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!

Etter ein periode med ekstra smittevernreglar og -anbefalingar i vår region, som følgje av utbrot av muterte variantar av koronaviruset, vurderer regjeringa og helsemyndigheitene det slik at smittesituasjonen no er under kontroll.

Frå midnatt natt til måndag 22. februar går Bjørnafjorden kommune difor over til å følgje dei nasjonale smittevernreglane og -anbefalingane, og ikkje lenger ekstra tiltak for vår kommune eller region.

Dette betyr mellom anna at kjøpesenter og varehus kan opne att. Serveringsstader kan igjen skjenke alkohol, så lenge dei følgjer reglane for skjenkestopp, avstand og registrering av gjester. 

Sjå dei nasjonale smittevernreglane og -anbefalingane 

– Eg vil takke alle bjørnafjordingar for den fantastiske oppslutninga om dei ekstra smitteverntiltaka dei siste to vekene. Denne innsatsen er grunnen til at vi no kan seie at smittesituasjonen er under kontroll, og gå tilbake til ein litt meir normal kvardag frå måndag av, seier ordførar Trine Lindborg.

Lat oss gå lysare tider i møte!

– Men det er framleis viktig å følgje reglane om å halde avstand og teste seg ved mistanke om smitte. Vi veit at situasjonen kan snu svært raskt. Lat oss halde oss til reglane og hindre nye innstrammingar, slik at vi kan gå lysare tider i møte på alle måtar, oppmodar ordførar Lindborg.