Smitte på byggeplass i Bjørnafjorden kommune

– Det er svært sannsynleg at det dreier seg om den sørafrikanske koronavarianten.

Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!

Ein person som har jobba ved byggeplassen til Meny Os testa positivt for koronavirus sist veke. Mannen blei testa i Bergen kommune.

– Den positive prøva er sendt til vidare analyse. Men det er svært sannsynleg at det dreier seg om den sørafrikanske koronavarianten, fordi smittekjelda til dette tilfellet jobba ved ein av dei nedstengde byggeplassane i Bergen, seier kommuneoverlege i Bjørnafjorden kommune, Klaus Melf.

Heile byggeplassen til Meny Os er no stengd, og vil bli vaska ned i morgon.

Les også: Brannvesenet skal kontrollere at smittevernregler blir fulgt

Truleg ingen lokale

– Alle underleverandørar er informerte. Alle som var innom byggeplassen sist veke er sett i karantene og vil bli testa. Det har ikkje vore nokon lokale underleverandørar frå Bjørnafjorden kommune på byggeplassen i det aktuelle tidsrommet, og truleg er heller ingen tilsette busett i vår kommune, seier Melf.

Bjørnafjorden kommune innførte forskrift for å sikre smittevernfagleg drift ved byggeplassar sist veke