To unge har fått påvist smitte

Tre skuleklassar i katantene.

Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!

Det er fire veker siden sist noken fekk påvist covid-19 i Bjørnafjorden kommune, men måndag fikk to personar påvist smitte.

– To personar fekk påvist covid-19 i Bjørnafjorden kommune i går, melder kommunen.

  • Jente i tenåra. Elev ved Os vidaregåande skule. Alle nærkontaktar er varsla og tre klasser ved skulen er i karantene. Kjend smitteveg frå Bergen.
  • Kvinne i 20-åra. Smittevegen er ukjend. Alle nærkontaktar er varsla.

– Alle positive prøver for covid-19 i vår region blir no sende til såkalla heilgenomsekvensering for å undersøke om viruset er av ein mutert variant. Begge desse positive prøvene blir sende til vidare analyse på Haukeland universitetssjukehus, og vi ventar svar innan fem dagar, seier kommuneoverlege Klaus Melf. 

Slik går du fram for å teste deg for korona

Klikk her for å bestille time for testing

Du kan òg ringe 475 08 412 for å avtale tid for test. Telefontider: måndag til fredag kl. 8.30-11.45/12.30-15. Laurdag, søndag og heilagdagar kl. 9.15-10/11-13/14-16.30. 

Her kan du bli testa

  • Koronalegevakta i Røde Kors-huset i Kolskogheiane 8, 5200 Os. Testing alle dagar.
  • Teststasjonen i den gamle ungdomsskulen i Eikelandsosen, Brakabygda 33, 5640 Eikelandsosen. Testing måndag, onsdag og fredag. 

Du kan ikkje møte opp utan timeavtale.