Innfører strenge smitteverntiltak

– Eg forstår godt at dette kjem overraskande på folk. Samstundes er smittesituasjonen i regionen vår alvorleg og uoversiktleg.

Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!

For å stanse utbrotet av den engelske og den sørafrikanske koronavirusmutasjonen i regionen vår, innfører regjeringa strenge tiltak. 

Bjørnafjorden kommune har ikkje pågåande utbrot av koronavirus, og har heller ikkje hatt det på mange veker, men nærleiken til kommunar med pågåande utbrot og ein uoversiktleg smittesituasjon gjer at myndigheitene anbefaler strenge tiltak hos oss.

– Eg forstår godt at dette kjem overraskande på folk. Samstundes er smittesituasjonen i regionen vår alvorleg og uoversiktleg, og fleire av nabokommunane våre er råka. Ei rask og streng nedstenging i regionen vil kunne gi oss oversikt og moglegheit til å slå ned desse svært smittsame virusvariantane, og hindre ein endå meir alvorleg situasjon på sikt, seier ordførar i Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg.

Pressemelding  Bergen, «Kraftige tiltak i Bergen og kommunene rundt 7. februar 2021

Dei strengaste tiltaka kjem i kommunar med utbrot av mutantvirus (ring 1-kommunar). Dette gjeld Bergen, Ulvik og Kvam.
Omkringliggande kommunar (ring 2-kommunar) får òg innført inngripande tiltak for å hindre spreiing av mutantvariantane. Dette gjeld kommunane Alver, Askøy, Bjørnafjorden, Eidfjord, Osterøy, Samnanger, Ullensvang, Vaksdal, Voss og Øygarden.

Bjørnafjorden kommune er ein ring 2-kommune. Vi har ikkje pågåande utbrot av koronavirus, men nærleiken til kommunar med pågåande utbrot og ein uoversiktleg smittesituasjon gjer at myndigheitene anbefaler strenge tiltak hos oss.

Bjørnafjorden kommune følgjer regjeringa sine anbefalte tiltak for omkringliggande kommunar, det som blir kalla tiltaksnivå B.

– Når vi ser kor raskt og vidt det muterte viruset spreidde seg i Ulvik, er det ikkje så vanskeleg å forstå anbefalingane frå helsemyndigheitene. Eg seier som den kloke ordføraren i Ulvik, Hans Petter Thorbjørnsen: «- Dette gjer vi for å beskytte innbyggarane våre og ikkje for å begrense fridomen deira», seier ordførar Trine Lindborg.

Desse smitteverntiltaka gjeld i Bjørnafjorden kommune frå 7. februar

Tiltaka vil tre i kraft søndag 7. februar 2021 klokka 18, og i første omgang vare til og med søndag 14. februar 2021.

Barnehagar, skular, universitet, høgskular og fagskular

  • Gult tiltaksnivå i barnehagar og på skular som for resten av landet. Kommunen kan avgjere å innføre strengare tiltak om dei ser det som nødvendig.
  • Raudt nivå i vidaregåande skular, i tråd med den nasjonale trafikklysmodellen.
  • Lokala ved universitet, høgskular og fagskular og vaksenopplæring stenger for alle elevar og studentar. Tilsette følgjer reglane for arbeidslivet for øvrig. All undervisning og planlagde arrangement skal utsetjast eller gjerast digitale.

Reglar

  • Nasjonale reglar for arrangement gjeld.
  • Påbod om heimekontor så langt det er praktisk mogleg. Arbeidsgivarar skal kunne dokumentere at tilsette i verksemda har fått beskjed om korleis dette skal gjennomførast.
  • Skjenkestopp på alle serveringsstader.
  • Det er ikkje tillate å organisere idrettsaktivitet for vaksne (20 år eller eldre). Det samme gjeld fritidsaktivitetar som organiserte øvingar, trening og prøvar for kor, korps og teater.
  • Plikt til å bruke munnbind når det ikkje er mogleg å halde ein meters avstand ut over kortvarige passeringar til andre enn husstandsmedlemmer. Plikta til å bruke munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan bruke munnbind. Munnbind skal brukast på offentlege stader som:
    • butikkar
    • kollektivtransport
    • innandørs stasjonsområde
    • serveringsstader
    • fellesområde på kjøpesenter
    • lokale for kultur, sports- og fritidsaktivitetar
    • trus- og livssynshus ved gravferd og bisetting
    • passasjerar skal bruke munnbind i taxi og sjåfør skal bruke munnbind når det er passasjerar i taxien
  • Varehus og kjøpesenter skal halde stengt
    Nokre unntak:
    • Følgjande butikkar på kjøpesenter og varehus kan ha ope:
      • Matbutikkar, inkludert kioskar, helsekost og andre som i hovudsak sel matvarer
      • Utsalsstader som i hovudsak sel dyrefôr og andre nødvendigheitsartiklar for kjæledyr og husdyr
      • Apotek
      • Bandasjistar
      • Optikarar
      • Serveringsstader
      • Vinmonopolet
      • Verksemder som frisør, hudpleiar, tatovørar mv.
      • Helsefaglege verksemder, som fysioterapeutar, kiropraktorar, fotterapeutar mv.
      • Bensinstasjonar
      • Salsverksemd til landbruk og dyreproduksjon
      • Lager- og grossistdelen i byggevareforretningar som sel til handverksverksemd og liknande
    • Varehus som har areal med vare- og tjenestetilbod som nemnd i lista rett over, kan halde desse areala opne
    • Butikkane kan halde ope for avhenting av førehandsbetalte bestilte varer, når utlevering kan skje på smittevernfagleg forsvarleg vis.
  • Enkeltståande butikkar som ikkje er knytt til eit kjøpesenter, kan halde ope.

Restaurant, kafé, bar og hotell

  • Serveringsstader som ikkje er ein del av eit kjøpesenter eller varehus kan halde ope.
  • Skjenkestopp.

Følgjande verksemder og stader skal halde stengt

  • Treningssenter
  • Fornøyelsesparkar, bingohallar, spelehallar, leikeland, bowlinghallar og tilsvarande stader
  • Museum
  • Kino, teater, konsertstader og tilsvarande kultur- og underhaldningsstader.
  • Bibliotek og andre offentlege stader og verksemder der det føregår kultur-, underhaldnings- eller fritidsaktivitetar som samlar menneske innandørs. Det kan vere enkelte unntak, sjå lista under.
  • Offentlege stader og verksemder der det føregår organiserte kultur-, idretts- og fritidsaktivitetar må stenge, men kan halde ope i følgjande tilfelle dersom det ikkje føregår fritidsaktivitetar for andre på slike stader:
    • For barn og unge under 20 år
    • Utandørs aktivitet for vaksne (ikkje-organisert idretts- og fritidsaktivitet)
    • Organisert trening for toppidrettsutøvarar
  • Svømmehallar, badeland, spa-anlegg, hotellbasseng og liknande må stenge, men kan halde ope for:
    • Skulesvømming, organiserte svømmekurs og organisert svømmetrening for dei under 20 år
    • Svømming for profesjonelle toppidrettsutøvarar
    • Rehabilitering og opptrening som tilbys individuelt eller i mindre grupper med arrangør
    • Anna individuell behandling som det kan bestillast time til, og kor bad er ein del av behandling

Anbefalingar

  • Alle bør avgrense sosial kontakt. Den nasjonale anbefalinga med maks fem gjester gjeld. Unntak for barn i same kohort i barnehage/barneskule.
  • Alle bør unngå reiser som ikkje er nødvendige. Reise til arbeid må sjåast som nødvendig. For dei aller fleste vil det likevel gjelde krav om heimekontor.
  • Du kan dra til fritidsbustad i ein annan kommune. Men reis berre saman med medlemmer frå eigen husstand, og ikkje ta imot besøk. Gjer alle innkjøp i eigen kommune før avreise. Ikkje oppsøk butikkar, serveringsstader eller møteplassar med mange menneske i hyttekommunen. Hald god avstand til andre i skiløypa, skitrekket og på gåtur. Sjekk kva for råd og reglar som gjeld for hyttekommunen, og følg desse.
  • Kommunane og fylkeskommunane bør innføre forsterka tiltak i kollektivtransporten, dette kan for eksempel vere at det berre blir brukt opptil 50 prosent kapasitet i transportmiddelet.
  • Personar med høg risiko for å bli alvorleg sjuke eller døy dersom dei blir smitta av koronavirus, bør leve meir skjerma.
  • Ein-til-ein-verksemder, som for eksempel frisørar, bør innføre forsterka tiltak som bruk av munnbind i situasjonar der det ikkje er mogleg å oppretthalde 1 meters avstand eller å redusere eller mellombels fjerne behandlingstilbod som gir nærkontakt ansikt-til-ansikt.
  • Testing og oppfølging av nærkontaktar og husstandsmedlemmer:
    • det er anbefalt at kommunane og befolkninga vurderer testing på dag 7-10 i smittekarantenetida.
    • nærkontaktane som er knytte til eit utbrot av det muterte koronaviruset, blir testa med PCR både ved inngang til karantenen (med éin gong dei er definerte som nærkontakt) og utgang av karantenen (tidlegast dag 7). 
    • nærkontakten sine husstandsmedlemmer er i karantene fram til nærkontakten har fått negativt svar på første PCR-test.