3 prioriteringsgruppe får vaksine til uka

Kommunelegen har sendt ut SMS til 200 personar.

Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!

Litt over 200 personar fekk i går, onsdag, SMS med tilbod om koronavaksine neste veke. Desse tilhøyrer 3. prioriteringsgruppe for koronavaksinen, personar mellom 75 og 84 år. 

– Vi startar med dei eldste først, dei som er 80 år og eldre, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Kommuneoverlegen har sendt ut SMS med tilbod om vaksinasjon og vidare instruksjonar for timebestilling til vaksinasjon 10. februar.
Dei som ikkje kan motta SMS, vil bli oppringt. Dersom du har fått SMS, men ikkje bestilt time, vil vi ringe deg opp tidleg neste veke for å forsikre oss om at det ikkje er tekniske utfordringar som hindrar deg.

Koronavaksinasjon er gratis og frivillig.
Timebestilling skjer via nett (med BankID) eller per telefon. Berre dei som har fått tilbod skal bestille time. Her kan du bestille time.

Les meir om vaksineringa på Bjørnafjorden kommune sine nettsider.