Meir en dobbelt så mange kan få vaksine neste veke

Det skjer stadig endringar på vaksinefronten.

Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!

Fredag morgon fekk Bjørnafjorden kommune melding frå Folkehelseinstituttet om at vi får omtrent dobbelt så mange vaksinedosar neste veke (veke 5) som vi opphavleg var førespegla. 

Kommuneoverlegen har allereie sendt ut tilbod til dei som no kan få vaksine på onsdag.

– Dette er flotte nyheiter! Vi har alt kalla inn 90 personar frå prioriteringsgruppe nummer 2, altså heimebuande personar over 85 år, til vaksinasjon onsdag 3. februar. Dei ekstra dosane betyr at vi kan gi til saman 228 personar første vaksinedose neste veke. Då vil alle i denne prioriteringsgruppa ha fått første dose, og vi kan begynne å vaksinere neste prioriterte gruppe, nemleg dei mellom 75 og 84 år, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Alle vil få tilbod 

Bjørnafjorden kommune vil sende SMS med tilbod om vaksinasjon og vidare instruksjonar for timebestilling til vaksinasjon 3. februar til alle over 85 år som ikkje alt har fått dette. Dei som ikkje kan motta SMS, vil bli oppringt. Dersom du har fått SMS, men ikkje bestilt time, vil vi ringe deg opp tidleg neste veke for å forsikre oss om at det ikkje er tekniske utfordringar som hindrar deg.

Koronavaksinasjon er gratis og frivillig.
Timebestilling skjer via nett (med BankID) eller per telefon. Berre dei som har fått tilbod skal bestille time.

Les meir om koronavaksinasjon i Bjørnafjorden kommune 

Snart klart for oppstart 75-84 år

– Truleg startar vi med vaksinasjon av prioriteringsgruppe nummer 3, personar 75-84 år, frå veke 6, men dette avheng sjølvsagt av kor mange dosar vi får. Dei eldste vil få tilbod først, og så jobbar vi oss nedover i årsklassene. Vi kjem tilbake med meir informasjon når vi veit meir, seier kommuneoverlegen.

Du treng ikkje ta kontakt med kommunen eller fastlegen for å setje deg på venteliste til vaksinasjon.

– Vi tar kontakt og gir tilbod til alle som er anbefalt å ta vaksinen – i tur og orden.