Har fått tilskudd på 3,1 millioner kroner

Tilskuddet skal gå til å styrke barn og unge sin tryggleik, trivsel, sjølvkjensle og psykiske helse.

Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!

Bjørnafjorden kommune har fått eit tilskot på 3,1 millionar kroner frå Helsedirektoratet sitt program for folkehelsearbeid i kommunen, fordelt over tre år.

Bjørnafjorden kommune søkte om midlar til prosjektet «Verd-sett, saman om livsmeistring og fråværsførebygging».

– Det overordna målet er å jobbe saman på barn og unge sine oppvekstarenaer for å styrke meistringsevne og psykisk helse, og for å auke nærvær og førebyggje utanforskap, melder Bjørnafjorden kommune.

Funn i folkehelseoversikta viser at ein stor del unge i kommunen vår er plaga av einsemd, depressive symptom, søvnproblem og ofte gruer seg til å gå på skulen.

– Vi har også ei gruppe med bekymringsfullt høgt fråvær, og mange unge mellom 20 og 29 år som mottar stønad til livsopphald frå NAV.

– Vi manglar dessutan kunnskap om trivsel hos barnehagebarn, noko dette prosjektet skal bidra til å skaffe.

Kva skjer vidare?
Kommunen vil bruke litt tid på å starte opp prosjektet ute i tenestene og lage ein framdriftsplan for 2021. Eit av delprosjekta er gjennomføring og analyse av Ungdata- og Ungdata junior-undersøkinga, som blir gjennomført i alle skulane våre i veke 5-7.

– Vi er svært glade for å få midlar til dette viktige arbeidet. Vi kjem tilbake med meir informasjon og invitasjon til samarbeid. «Verd-sett» blir eit stort og spennande prosjekt for oss som arbeider med barn og unge i alle sektorar, seier kommunalsjef Oppvekst, Line Rye.