– Lyseparken er unik

Bjørnafjorden kommune meiner gigantisk batterifabrikk må velge Lyseparken.

Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!

I dag har Bjørnafjorden kommune levert sitt prospekt for ein mogleg batterifabrikk i Lyseparken til dei tre industrigigantane Panasonic, Equinor og Hydro.

Fabrikken vil i Lyseparken  få sentral plassering tett på ny E39 og med kort vei til Bergen. Fabrikken kan gje 2000 arbeidplassar.

– Lyseparken næringsområde i Bjørnafjorden kommune opner samstundes med ny E-39 mellom Os og Bergen.Vi meiner dette vil vere den ideelle plasseringa for ein ny batterifabrikk på Vestlandet. Lyseparken ligg berre 12-15 minutt frå sentrale knutepunkt som Flesland, Bergen hamn og jernbanen, seier ordførar Trine Lindborg.

Plasseringa til Lyseparken vil ha eit nedslagsfelt med vel 160.000 potensielle arbeidstakarar og kort veg til universitet, høgskuler og FOU-klynger og med det skape god grobunn for knoppskyting i heile Bergensregionen.

– Lyseparken er unik. Vi har jobba mykje med å bygge den opp som framtidas berekraftige sirkulære næringspark kor vi under bakken legg opp til ein grid som mogleggjer at ei verksemd sin overskotsvarme kan nyttast av andre verksemder som treng varme. Batterifabrikken kan få ei sentral rolle i eit slik nettverk, påpeiker ordføraren som ikkje legg skjul på at ho er spent på korleis prospektet blir teke i mot hos dei tre industrigigantane.

– Fylkesordførar Jon Askeland har sagt at denne fabrikken skal vi berre ha til Vestland. Det er eg samd i og eg meiner at Lyseparken vil vere det beste alternativet, avsluttar Lindborg.