Unngå alle unødvendige reiser til Oslo og nabokommunane

Bjørnafjorden kommune følgjer situasjonen med spreiing av mutert virus tett.

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

I samband med ei rekke skjerpande tiltak i fleire kommunar på austlandet, ber vi Bjørnafjordingane om å unngå alle unødvendige reiser til desse områda.

– Vi har god testkapasitet i kommunen, og oppmodar til å teste deg dersom du har vore i desse områda, melder kommunen.

Du kan bestille time til testing elektronisk på kommunen sine heimesider eller på koronatest-telefonen 475 08 412

– Vi følgjer situasjonen med mutert virus tett. Smittesituasjonen i vår kommune gjer at vi framleis kan følgje dei nasjonale reglane. Det som no skjer i Oslo og i nabokommunane viser at situasjonen fort endrar seg. Difor må vi fortsette det gode smittevernarbeidet i kommunen vår, seier ordførar Trine Lindborg.

Det er framleis dei generelle råda som gjeld; hald avstand og bli heime dersom du er sjuk.  

Dei ti ramma kommunane er :

  • Nordre Follo
  • Oslo
  • Ås
  • Vestby
  • Nesodden
  • Indre Østfold
  • Frogn
  • Enebakk
  • Moss
  • Våler