Nå kan du finne frem skøytene!

Brannvesenet melder om farbar is på flere av vannene de målte fredag ettermiddag.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få nyhetsoppdateringer

Brannvesenet var ute og målte isen på fire prioriterte vann 5. og 8. januar, og målingene viste da at ingen vann hadde farbar is. Onsdag 14. januar var de igjen ute og målte, og status var som tidligere ikke farbar is.

Mern fredag ettermiddag er brannvesenet ute og måler igjen, og det meldes da om farbar is på flere vann.

– Fire av vannene som blir målt i Bjørnafjorden kommune har farbar is, melde Bjørnafjorden brann- og redning fredag.

Disse vannene er målt av brannvesenet:

  • Ulvenvatnet sør (Moberg) Farbar is
  • Ulvenvatnet nord (Sigurdsvika) 10 cm
  • Banktjørno Farbar is 
  • Gåsakilen Farbar is
  • Lekvenvatnet Farbar is

– For at vi godkjenner og skilter vann med trygg is, må vi ha målt 90 prosent av vannet til å ha 15 centimeter eller tykkere is.

Følg isvettreglane!

  1. Ha respekt for isen. Ver merksam på at isen aldri kan bli heilt sikker overalt.
  2. Ikkje gå på is om du ikkje kan svømme. Helst bør du ha prøvd å vere i isvatn, delvis for å kjenne til korleis det er, men like mykje for å kjenne til din eigen reaksjon dersom du kjem i så kaldt vatn. Kan du ikkje svømme, bør du ha på deg ein form for flyteplagg
  3. Hald deg på sikker is. Styr unna stader der du bør vite at det er svak is. Du må ikkje gå ut på is som er ujamnt tjukk med ujamn bæreevne utan at du har god kjennskap til is og har trent på å oppfatte variasjonar i isen. Med kjennskap til is vil du gå utanom siv, råker, bruer, oddar, utløp, innløp, trange sund, stader der du veit det er grunnar, eller der isen akkurat har lagt seg. Meir informasjon om is på regulerte vatn og korleis isforholda kan variere med varierande vannstand, effektkjøring osb. finn du informasjon om på www.nve.no.
  4. Ver spesielt merksam på is om hausten og våren, og på is som er dekt av snø. Nylagt is eller is som nærmar seg å gå opp, er upåliteleg. Snødekka is kan vere skummel fordi du ikkje kan sjå eller merke kor den er svak, før det er for seint. Spesielt merksam skal du vere dersom snøen har lagt seg på isen kort tid etter at isen la seg. 30 cm snø isolerer og gjer at isen ikkje legg på seg.
  5. Bruk alle sansane når du går på isen. Isen gir lyd frå seg. Høge og korte lydar er eit varsel om tynn is. Kvit eller grå is er svakare enn mørk is (gjeld ikkje vårisen) og blank is. Is på saltvatn er svakare enn is på ferskvatn.
  6. Gå fleire saman. De kan redde kvarandre. Går de litt spreidd, vil de fordele vekta over ei større flate, samtidig som ikkje alle vil gå igjennom på éin gong.
  7. Ta med deg tilstrekkeleg sikringsutstyr. Dette avheng av erfaring og kva type tur du er på. Ein godt festa sekk med skiftetøy pakka i vasstett pose, gir oppdrift. Ispiggar er obligatorisk. I tillegg bør du ha ei kasteline med deg.
  8. Om du går gjennom isen, ikkje få panikk. Tenk klart, og sjansane aukar for at du kjem deg opp igjen. Forsøk å halde hovudet og øvre del av kroppen mest mogeleg over vatn. Dette vil redusere nedkjøling og auke sjansane for overleving. Kjem du under isen, leit deg fram til der isen er mørkast, der er det ope vatn. Søk alltid etter å komme opp i den retningen du kom frå før du gjekk gjennom. Bruk ispiggar, tollekniv, stav eller ein spiss gjenstand for å hogge tak i isen, og hjelp til med kraftige spark.
  9. Om andre går gjennom isen, hald avstand. Bruk såkalla forlenga arm – helst ei redningsline, livreddingsbøye eller anna du kan kaste bort til personen i vatnet. Har du ikkje dette, trekk deg fram på magen og rekk ut ei ski, skistav, eit belte, ei grein eller liknande. Syt for ei form for forankring, så ikkje du blir dratt uti.