Holder Os ungdomsskule stengt også fredag

Det heng framleis litt røyk igjen i lufta i gangane og på klasserom etter branntiløpet onsdag kveld.

Av: Jan Petter Svendal NyttiOs på Facebook

Klokka 17.55 onsdag kveld blei det meldt om brann på Os ungdomsskule.

Det brant i eit søppelspann, dette førte til kraftig røyk og at sprinkleranlegget løyste seg ut, så det er ein del vatn- og røykskader i fløyen hvor 8. klassingane held til.

– Det er ein del vatn og røykskadar etter branntilløpet i fløyen hvor søppelspannet sto, seier politioverbetjent Atle Birkeland til NyttiOs.com.

Les også: Brann på Os ungdomsskule

Er det mistanke om at brannen kan vera påsatt?

– Vi har ikkje grunnlag for å seie at brannen er påsatt, men vi vil gjere vidare undersøkelser, og ut frå det forhåpentligvis finna årsaka, seier Birkeland.

8. trinn får heimeskule heile neste veke
Grunna brannen på skulen, held den stengt også i morgon.

– Skulen vil også i morgon vere stengt for alle elevar. Det heng framleis litt røyk igjen i lufta i gangane og på klasserom. Følg med på informasjon frå kontaktlærar/faglærar om innhaldet for dagen i morgon, melder Os ungdomsskule ved rektor i ein melding til elevear og føresette.

Elevane på 9. og 10. trinn fortsetter på raudt nivå måndag og tysdag, evt. lenger viss det er det vi får beskjed om av myndigheitene. 8. trinn vil ha heimeskule heile neste veke.

– Dette er fordi det tar tid å utbetre skadane som er påført gang og klasserom. Følg med på informasjon frå lærarane på 8. trinn om planen for neste veke, melder skulen..

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s